Praktisk informasjon om huset



Her finn du informasjon som gjev deg ein peikepinn på kva kapasitet Samhald har å tilby deg og ditt arrangement.

Ved leige av Samhald, må de sjølve rigge bord og stolar og rydde desse på plass etter bruk.
Likeeins må de rydde bort avfall inne og eventuelle sneipar og boss utanfor huset.


Fasilitetar i Samhald:

Videokanon:
Denne er inkl. i utleigeprisen.

Mikrofonar:
Me har 2 mikrofonar som ligg i lyd- anlegg skapet på scenen.

Lyd- anlegg:
Det er musikkanlegg i Samhald, dette kan nyttast og koblast til PC, smarttelefonar mm.

Runde bord og dukar:
Me har 8 runde bord med plass til 10 stoler rundt, desse er inkl. i utleigeprisen.
Me har 8 runde dukar, desse er ikkje inkl. i utleigeprisen og kostar kr 300,- ekstra.
Leigetakar må sjølv levera dukane til rens hos Podlen Verkstad og betale rensinga sjølv, 
for så å levera dei tilbake i Samhald påfølgande torsdag.

Kjøkkenet er utstyrt med:

Komfyr
Kombidampar
Stimar/oppvaskmaskin
Dekketøy til ca 100 personar.

 

Lokala kan og leigast med kokk, kontakt Mike på tlf. 958 82 246.