top of page

LOKALA VÅRE.

Hovedetasje og kjellar.

Me har ein hovedetasje, samt ein kjellar det er mogleg å leiga.

i284571214510740949._szw1280h1280_.jpg

HOVEDETASJE

PLASS TIL CA. 130 PERSONAR.

I hovedetasjen er det god plass og me har dekketøy til ca. 95 personar. Me har både firkanta og store runde bord. Her er det eit godt lydanlegg og moglegheit for lån av prosjektor utan ekstra kostnad. Me har også musikkinstrument ein kan låna, men det kostar litt ekstra. 

Kjøkkenet er utstyrt med komfyr, kombidampar, steamer og oppvaskmaskin. 

Dette lokalet passar fint til blant anna:

- Bryllaup

- Dåp
- Konfirmasjon
- Festar

- Messer

- Møter o.l.

Det er også mogleg å leige halve lokalet med eller utan kjøkken. 

KJELLAREN

PLASS TIL CA. 50 PERSONAR.

Kjellaren er eit mindre lokale som er utforma som eit lite diskotek. Her er det eit dansegolv, DJ-booth, diskolys og røykmaskin. 

Det er også ein liten bar med kjøleskap/m fryseboks og komfyr. 

Passar perfekt til : 

- Diskotek

- Bursdagar

- Fest

disco Club
Heim: Rooms & Suites
20230802_145149_edited.jpg

OM SAMHALD

Den delen av Samhald som vart fyrst oppført, vart kjøpt frå Skånevik. Der hadde huset vore nytta som kyrkje frå 1700-talet til 1899. Huset vart reven av u.l. Stordabuen, og frakta til Stord av Johs. Økland med jekta Lydianne. Tomta som kom frå Ola J. Økland, vart formelt bygsla i 1919, og seinare kjøpt i 1951.

 
Presten Jakob Kullmann har truleg vore inne i bilete når dei fekk kjøpa Skånevik-kyrkja. Han var prest i Stord frå 1886-1904, og det var på prestegarden i den såkalla almuebygningen dei hadde lagsmøta før dei bygde Samhald. Kullmann var og fyrste formann i laget.

Frå 1945 og fleire år frametter var det Viking Tyse som stod for mykje av det som gjekk føre seg i laget. Slik var det òg den gongen når dei hadde ei storvøla i 1955-56. Kjøkenet og det som vart kalla komiteværelset, galleriet over, og gangen mellom dei to romma nede, vart tekne bort. Salen vart då tilsvarende større. Himlinga vart kledd med plater, den store vedomnen vart teken bort, og det vart elektrisk oppvarming. Planen var å byggja ut på langsida mot vegen med garderobe og toalett. Av økonomiske årsaker vart det ikkje noko av det den gongen.

I 1979-80 kom siste storvøla av huset. Med god hjelp frå kommune, bank, yrkesskule og stor dugnadsvilje frå heile bygda, kom det bl.a. på plass eit nytt utbygg.


Har du utfyllande kjennskap omkring historien til Samhald? Då vil me gjerne høyra frå deg!

Alle prisar er inkludert vask, men leigetakar må sjølv rydda lokalet. Det må ikkje flyta med flasker og anna bås utanfor når festen er slutt.


Heim: Liste
Heim: About
Heim: HTML-innebygging
bottom of page